Gradering av menneskeverdet mellom flyktningar og oss andre viser kor langt sorteringssamfunnet har kome i å endre tankegangen vår.

Gjesteinnlegg av Emil André Erstad, rådgjevar i KrFs stortingsgruppe og forfatter av den kritikerroste boken Farvel, Syria.

(Først publisert i Vern om Livet 03/17 – Menneskeverds medlemsmagasin. Stå opp for menneskeverdet og sikre deg fremtidige utgaver ved å bli medlem her.)

Emil Andre Erstad. Foto: Gjermund Øystese.

Vi hugsar alle Aylan. Det er ikkje mogleg å gløyme det biletet. Bileta av den vesle guten som låg der på stranda i Tyrkia, livlaus, som om han sov. Han vart berre tre år gamal. Eg er småbarnsfar, og synet av den vesle, døde guten vekte ein harme i meg som ikkje ville stilne. Eg trur så mange vart opprørt fordi vi så tydeleg kunne sjå at den vesle guten var eit menneske. Då kom spørsmåla: Korleis kunne vi sitte stille og sjå på at menneske døydde på denne måten? Korleis kunne det rettferdiggjerast? Kvifor opprørte ikkje det oss meir at små menneskeliv gjekk tapt framfor augo på oss?

Krenking av menneskeverdet

Krig er elendigheit. Krig er systematisk krenking av menneskeverdet. Det får fram det verste i oss menneske. Ikkje berre for dei stridande partane og dei som er direkte involvert i krigshandlingane, men også for oss som står på utsida og lurer på om vi skal hjelpe eller korleis vi skal hjelpe. Det er ikkje alltid vi klarar å halde retningssansen og sikre at menneskeverdet alltid skal vere rettesnora for politikken vi ønskjer å føre.

Erik Lunde skriv så treffande godt om dette i si nye bok Uønsket. Mennesket i sorteringens tid, der han skriv om korleis mange av stemmene i flyktningdebatten etter kvart gløymde at den handla om menneske. At flyktningane ikkje lenger var menneske. Som om flyktningar er noko abstrakt. Ein jobb. Ein ting. Noko utan det ukrenkelege menneskeverdet vi alle har.

Det handlar om menneskeliv

Lunde siterer Georges Bernanos som seier: «Det første tegnet på forråtnelse i et levende samfunn er at målet helliger midlene». Det oppsummerer ganske godt det forholdet eg sjølv har fått til flyktningdebatten her heime. Den ser ut til å ha gløymt at det i bunn og grunn handlar om menneskeliv.

Det er lett å seie at vi ikkje må la kjenslene ta overhand i flyktningdebatten. At vi ikkje må vere naive. At vi ikkje må la enkelthistorier styre politikkutforminga. Som Lunde skriv: «Det er vel og bra med idealer om barmhjertighet og nestekjærlighet, seier mange, men dette er dyder som det er best å følge på det personlige plan. Som samfunn må vi holde hodene kalde».

Feil perspektiv

Han skriv også at perspektivet ofte er feil, fordi det er stort sett våre konsekvensar det snakkast om, ikkje flyktningane sine konsekvensar. Det vert snakka om kva utgifter flyktningane vil skape for det norske samfunnet, for vår velferd, vår tryggleik og vår fred. Men kva med konsekvensane for flyktningane sine liv?

Vi har lett for å tenke at sorteringssamfunnet handlar om nokon andre enn oss. At det handlar om dei med funksjonshemmingar og dei med psykiske utviklingshemmingar. Då gløymer vi at sorteringssamfunnet gjer seg gjeldande med tenkinga si på ei rekke samfunnsfelt – slik vi ser eksempel på når flyktningar og vi andre blir behandla på heilt ulikt vis.

Ein må gjerne vere for ein streng flyktningpolitikk, men premisset må alltid vere at flyktningar er folk. Akkurat som oss.